prisar og rutetider

Opplev Norges vakraste ferjecruise
med M/F "Kvernes"

Dette er eit av Norges lengste og vakraste ferjecruise, og turen tek 2 timar og 15 minutt. Turen går tvers gjennom eit fjord- og fjellandskap som står på UNESCO si verdsarvliste. Du vil bli fasinert av naturopplevingane og dei mange fjord- og fjellgardane som klorar seg fast på små fjellhyller, eller har funne ly under ein fjellhammar i tryggleik for naturkreftene.

Ein perfekt måte å ta ei pause i køyringa nord- eller sørover. Eller du kan ta det som eit cruise med familie og vener og vende tilbake til ein parkert bil. Det er sjølvsagt ein kafeteria ombord der du får kjøpt smårettar. Er de ei gruppe, anbefalar vi å bestille lunsj/middag på førehand.
Velkomen om bord!